Om Gullstøvelen
Gullstøvelen samlar norske fotballproffar — herrar og kvinner — som spelar i ligaer over heile verda, og rangerer dei etter kor mykje dei bidreg til mål. Men eit mål i Champions League er ikkje det same som eit mål i ein liten liga. Difor vektar me.
Formelen
For kvar turnering ein spelar har spelt, reknar me fyrst rå målpoeng:
poeng = mål × 1 + assists × 0,50
So vektar me poenga etter kor sterk turneringa er, med ei vekt mellom 0 og 1 (Premier League = 1,00 for herrar, WSL = 1,00 for kvinner):
vektpoeng = poeng × vektα
α (alfa) er skruen du sjølv styrer med slideren på framsida. Set du α = 0, forsvinn vektinga heilt og du ser rå statistikk. Set du α = 1, tel vektinga fullt ut. Vektpoenga blir rekna kvar for seg per turnering og lagde saman, so eit mål i Champions League og eit mål i ligaen får kvar si vekt.
Herre- og kvinnetabellane blir aldri samanlikna med kvarandre — vektene er normaliserte innanfor kvart kjønn for seg.
Gjeldande vekter
Vektene er redaktørstyrte og ligg i data/ligavekter.yaml. Turneringar
som kjelda melder utan at dei står i fila, får ei mellombels standardvekt (0,20).
Kjelder
Spelarregisteret kjem frå Wikidata (kven som er norsk proff og kvar dei spelar). Statistikken kjem frå API-Football. Manglande data blir vist ærleg som «ikkje dekt av kjelda», aldri som null mål.